Veraterra
MADIE Project
Designed by: Powflow. Juan C. Poveda Rz
© RuralAcademy. By: Pietro Isolan
This publication [communication] reflects the views only of the author, and the Commission cannot be held responsible for any use which may be made of the information contained therein.

RuralAcademy Roving

A laboratory of rural knowledge

  • Facebook
  • You Tube
  • Instagram

OM OSS

Me er bønder, vegleiarar og rådgjevarar frå fleire land, som har kome i kontakt med EU sitt Erasmus+-prosjekt MADIE. Her deler me same visjon om eit berekraftig landbruk som er i stand til å ta vare på økosystemet me forvaltar.

VERDIANE

RuralAcademy fremjar prinsipp for berekraftig landbruk gjennom arbeid for god matjord, auka biologisk mangfald, bruk av fornybare energikjelder, utvikling av meir samarbeid lokalt, multifunksjonelle prosjekt og mykje meir.

Me veit alle kor viktig samspel mellom menneske og natur er.  Planeten jorda treng omsorga vår. Historia vår har lært oss det og framtida fortener det.

 

For å lukkast må me bruka erfaringar og dei praktiske evnene våre, i arbeidet vårt som bønder, teknikarar og lærarar.

Det er derfor dette prosjektet finst – for å yta vår dråpe i havet av viktige oppgåver.

 

PROSJEKTET

E allora, cosa facciamo?

ONLINE

 

er eit nettsamfunn for bønder, lærarar, vegleiarar og forskarar innanfor landbruksområdet. Felles for oss er at me trur på samspelet mellom menneske og natur og ynskjer å ta del i ei nettbasert erfaringsoverføring for å oppnå ny innsikt i utvikling av berekraftig landbruk.  Nettsamfunnet ynskjer å veksa gjennom erfaringsdeling og auka kunnskap på tvers av landegrenser.

OFFLINE

 

er eit internasjonalt ambulerande akademi basert på berekraftig landbruk. Målet er å utveksla kunnskap og erfaring gjennom arrangement i dei ulike landa. I dag er Tyskland, Italia, Ungarn, Finland, Kroatia, Brasil, Argentina, Bolivia og Noreg deltakarar i dette samarbeidet..

 

RuralAcademy Team

Christian Röser

Tyskland

agronom, mentor, vegleiar, CEO
Starkmacher

Pietro Isolan

Italia

landbruksekspert, opplæring, CEO og grunnleggar av Veraterra

Elia Renzi

Italia

Landskap, Lærar i Tuscany Society
Horticulture og Veraterra

Juan C. Poveda Rz

Colombia

multimedia-ansvarleg

Patricia Fassa

Brasil

kommunikasjonsansvarleg

 
 

Contattaci

Loppiano - Incisa in Val d'Arno.

Toscana - Italy

I consent to the processing of my personal data.

* I have read the Privacy Policy.

  • Facebook - Grey Circle
  • YouTube
  • Instagram

BLI MED!

Du finn mykje innhald på denne plattforma og på Facebooksida vår. Om du ynskjer å bli ein del av Facebook-gruppa kan du få innblikk i felles tema, delta i diskusjon og ha samarbeid med partnerar og andre RuralAcademy Roving – medlemmer.

 

Me vil henta informasjon frå eit utval personar for å sikra nytteverdien av å delta. Me treng informasjon om kva som motiverer til å bli ein del av erfaringsfellesskapet. Dette er viktig for å sikra at medlemmene får eit godt og konstruktivt miljø for arbeid og vekst.

I innkøyringsperioden vil me velja ut «pionerar» som kan delta i internasjonal opplæring innan berekraftig landbruk. Desse deltek gratis i Facebook-gruppe og plattform. Dette er svært viktig for oss.  Erfaringar i oppbyggingsfasen betyr mykje for det vidare arbeidet. Me trur på at «hjarta» i samspelet ligg i kvart enkelt element.

Etter nokre månader vil me informera om månads- / årspris for deltaking i den lukka gruppa og anna deltaking. Inntil me har funne fram til passande innhald og registrering vil det vera gratis å delta, ut frå opplegget me har skissert ovanfor.

 

Registrer deg! Det er ein unik moglegheit!